{"product_id":"lunden-eldrid-dikt-i-samling-1968-2000","title":"Lunden, Eldrid: Dikt i samling 1968 - 2000","description":"\u003cp\u003eTilstand: Veldig bra, liten brett på omslaget. Se bilde\u003cbr\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eFormat: Innbundet\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBrukte bøker av Eldrid Lunden\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDen kresne språkkunstnaren Eldrid Lunden utgjer ein institusjon innan norsk poesi. Lyrikken hennar har stått i ei særstilling i Norden heilt sidan debuten i 1968 med samlinga f. eks. juli. Eldrid Lundens lyrikk framstår som ein vedvarande refleksjon over grunnleggande mellommenneskelege tilhøve, der lesaren vert invitert inn i dei opne samanhengane dikta synleggjer i eit konsentrert og personleg nærverande språk.\u003cbr\u003eI tillegg til verksemda si som poet har Eldrid Lunden gjort ein vesentleg innsats på fleire andre felt: Ho var knytt til tids- skriftet Profil på 1960-talet, og var i mange år medredaktør av det nordiske tidsskriftet Café Existens. Særleg må innsatsen hennar som lærar, i den seinare tid også som professor, i skrivekunst ved Forfattarstudiet i Bø nemnast - eit studium ho var med å starte i 1982, og som har resultert i ei lang rekke forfattarnamn og bøker som vi vil nyte godt av i lang tid framover.\u003cbr\u003ePå litt over tretti år har Eldrid Lunden sjølv vunne å gi ut ni diktsamlingar, bøker som har blitt ståande som milepælar både for kritikarar og lesarar, og det konsentrerte uttrykket hennar har inspirert ei rekke poetar. Særleg verd å nemne er Lundens fokus på kvinners erfaringar, såvel i individuelt som i historisk perspektiv. A kalla Lunden for ein reindyrka feministisk forfattar ville likevel innebere ei innsnevring av perspektivet - heller må ein kunne seie at Lunden ikkje berre utforskar, men utfordrar og set spørsmålsteikn ved omgreps- par som mannleg-kvinneleg, eller hard, mjuk. Men framfor alt ligg der ein tender musikalitet kopla med eit ofte overraskande tankeperspektiv til grunn for Eldrid Lundens dikt, ein skrivekunst det er all grunn til å la seg bli riven med av.\u003c\/p\u003e\n\u003cstyle type=\"text\/css\"\u003e\u003c!--\ntd {border: 1px solid #cccccc;}br {mso-data-placement:same-cell;}\n--\u003e\u003c\/style\u003e","brand":"Veldig bra","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":43632207003893,"sku":"","price":100.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0628\/4027\/5189\/products\/DSC_1801.jpg?v=1675587774","url":"https:\/\/anventaret.com\/products\/lunden-eldrid-dikt-i-samling-1968-2000","provider":"Inventaret","version":"1.0","type":"link"}